Tenester
Miljøsmidjo hjelper deg å bli sirkulær. Med omfattande kunnskap om avfall, gjenvinning, norsk og europeisk avfallspolitikk, og samfunnsplanlegging, tilbyr Miljøsmidjo rådgjeving, prosjektleiing, kurs, undervisning, nettverk, kommunikasjonsarbeid og inspirasjon.
Figur t.h. Sirkulær økonomi, dei ti R-ane. (Kjelde: PBL, Planbureau voor de Leefomgeving).
Skal me oppnå FN sine berekraftmål må me sjå at alle delane i verdisirklane påverkar kvarandre gjensidig; korleis me produserar, designar, og forbrukar produkt, tenester og mat, og ikkje minst kva vi kastar – eller tek vare på – av verdiar.
Berekraft handlar også om forvalting av menneskelege ressursar og eit inkluderande arbeidsliv.
Forbruk
Den lineære økonomien som rår i dag er kjenneteikna av billege råvarer, billeg energi, billeg kreditt og billeg arbeidskraft. Dette har ført til eit ekstremt overforbruk.
Matsvinn
Skal me nå berekraftmålet til FN om å utrydde sult må me dyrke jorda slik at me kan hauste mat til folk og fe, og vidare ete opp maten som vert dyrka.
Bilete er frå Søre Skogen.
Jord
Jordbruket er ei av næringane som vert hardast råka av klimaendringar. Derfor er utvikling av eit berekraftig landbruk sentralt. Landbruket har potensial til å bidra positivt i klimarekneskapen.
Design for gjenbruk
Skal me lukkast i å halde ressursane i krinslaup er det heilt avgjerande at me produserer saker og ting som varer lenge.
Kultur
og matglede
God og sunn mat er viktig for helse, trivsel, og ikkje minst er mat ein viktig relasjonsbyggjar.
Menneskelege ressursar
Ulike perspektiv og refleksjonar er ein føresetnad for å tenkje nytt om dei utfordringane me står ovanfor.