Kultur og matglede

Gastronomi handlar om lokal matkultur og byggjer på kunnskap om matkvalitet, matproduksjon, matkultur og mattradisjon. Matkulturen i Vestland har sterke tradisjonar og vil vere ein viktig ressurs i utviklinga av berekraftige og konkurransedyktige verksemder og reisemål. 

Miljøsmidjo har eit stort hjarte for landbruket, matprodusentar og matopplevingar og kan bidra med å skaffe kunnskap om utviklinga av kultur og naturbaserte gastronomiske aktivitetar og opplevingar i regionen. Miljøsmidjo tek på seg å kommunisere denne aktiviteten til aktuelle målgrupper som grunnlag for regional verdiskaping.    

IMG_1665.red.jpg

Chittaslow Ulvik temamøte «Kast mindre – kast smart». Til høgre for Ellen T. Astrup i Miljøsmidjo; Natalia Antonia Golis, Katinka Kilian og Mette Havre. 

Mat handlar om meir enn å mette. Alt for mange folk i verda manglar tilgang til sunn, god og berekraftig mat – også i Noreg.

Mat er viktig for at me skal trivast og ikkje minst er mat ein viktig relasjonsbyggjar. Ja, måltid har faktisk vorte nytta aktivt i fredsforhandlingar – og som middel for sosial inkludering og samfunnsendring sosial gastronomi.

IMG_7552.red.jpg