Forbruk
Med eit årleg forbruk på 44,3 tonn materialfotavtrykk per person, ligg nordmenn nærast på topp i verda. Det globale forbruket av materialar – metallar, fossil brensel, biomasse og mineralar - per år har for fyrste gong i historia passert 100 milliardar tonn.
97,6 % av desse materiala vert aldri sirkulert tilbake i økonomien. Befolkningsvekst kombinert med kraftig vekst i forbruk har ført til alvorleg klimaendring og ressursknappheit.
2,4 %
av forbruket er sirkulært.
Med erfaring frå medverknadsprosessar, kommunikasjonsarbeid og nettverksbygging tilbyr Miljøsmidjo å utforme prosjekt, samt å ta på seg prosjektansvar for – offentleg, privat eller frivillig sektor.
Miljøsmidjo har også lang erfaring i å jobbe med haldningsskapande arbeid og forbrukaråtferd og bidrar med kompetanse på dette feltet.
Ta kontakt om du går med tankar om å ta små eller store steg for verksemda, i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn.
Hovudutfordringa i omstillinga til sirkulær økonomi vil neppe vere for lite kunnskap, teknologi eller ressursar, men å initiere, forankre å utvikle innovative prosessar og samtalar med høg kvalitet. Behov for å adressere nye og meir grunnleggjande problemstillingar krev ei meir open og brei tilnærming, med større vekt på brei medverknad og partnarskap.
– KS rapport 2019
Forbruksmønster
Målt i 2017-kroner hadde gjennomsnitts-innbyggjaren i 1945 ei årsinntekt på 96 000 kr. I 2017 var denne 550 000, nær 6 gonger så høg. Forbruket per innbyggjar vart nær 4-dobla i denne perioden. I 1952 måtte ein gjennomsnittleg industriarbeidar jobbe 170 timar for å få råd til den billegaste vaskemaskina, mot 9 timar i dag.
Frå lineær til sirkulær økonomi
Avfallsbransjen har vakse fram som resultat av behovet for å kvitte seg med produkt (avfall). Målet er å vende attende til eit samfunn der ressursane vert tekne vare på i eit krinslaup, slik naturen sjølv fungerer. Sirkulær økonomi inneber eit utvida syn på kva som er ressursar og korleis desse kan nyttast optimalt. Dette inneber at me må endre måten me designar, produserer og forbrukar varer og tenester. Å utnytte ressursar best mogeleg er essensen i god økonomi. Ein aktiv politikk for sirkulær økonomi vil styrke næringslivets grøne konkurransekraft.
Kortreist kvalitet – frå effektivisering til omstilling
I KS-rapporten Kortreist kvalitet vert det lagt vekt på at ein må kople behovet for å redusere klimautslepp til behovet for å utvikle det mangfald av lokale kvalitetar og fortrinn som norske kommunar har eit potensiale for. Omstillinga må vere ein samarbeidsdrive innovasjon, basert på kompetanse frå alle grupper i lokalsamfunnet. Det vert peika på 3 tiltaksnivå:
Effektivisering innanfor dagens struktur & systemtenking (tiltak som er relativt velkjente og enkle å gjennomføre)
Utvikling i måten å utføre aktiviteten og løyse oppgåvene på - moderat systemendring (meir klimaeffektive måtar å utføre dei same oppgåvene på: kollektiv i staden for bil og overgang til fornybar energi, samarbeid i nettverk, prosjektgrupper.
Omstilling: Førebygging og systemendring (eks. sentrumsutvikling gjennom samarbeid mellom aktørar innan bustad, næring, handel, matproduksjon, rekreasjon, vatn, helse.