Design for gjenbruk
Skal me lukkast i å halde ressursane i krinslaup er det heilt avgjerande at me produserer saker og ting som varer lenge, som ikkje inneheld miljøgifter, som eigner seg for gjenbruk og reparasjon og som kan resirkulerast når produkta er utslitte.
Få innspel til berekraftige val av råvarer til bruk i produksjon og emballasje. Kanskje noko kortreist, eller restråstoff frå ei verksemd nær deg? Miljøsmidjo hjelper deg med dette.
7 nykkelprinsipp for sirkulær økonomi
Basert på figur fra Circle Economy og Circular Norway.
80% av eit produkt sitt miljøavtrykk vert avgjord i designfasa.
- In the Bubble, John Thackara
Nyleg kom Circularity Gap report som syner at Noreg berre er 2,4 prosent sirkulært. Det tydar at over 97 prosent av ressursane som vert nytta her i landet, ikkje vert sirkulert tilbake i økonomien!
I tillegg til å auke sirkulariteten, er det også heilt naudsynt å prioritere strategiar som reduserer forbruket: vårt materialfotavtrykk. Med eit årlege forbruk på 44,3 tonn per person ligg me nærast på topp i verda. Om me skal lukkast i ei grøn omstilling må naturressursar og avfallsressursar nyttast lokalt og regionalt. I dette ligg potensiale for nye arbeidsplassar, jfr. EU ‘s Green Deal. Den sirkulære økonomien er eit verkemiddel for eit inkluderande og rettferdig samfunn.
Miljøsmidjo er samarbeidspartnar med Bioregion Institute som skal utvikle sirkulære verdikjeder for organisk biomasse, saman med næring, industri, forskning, organisasjoner og myndigheiter er målet å gjere næringslivet rusta til ei berekraftig framtid og skape ny grøn næring på Vestlandet.