Saman for ei berekraftig framtid
Best mogeleg utnyttig av ressursar ligg til grunn for berekraftig verdiskaping.
Miljøsmidjo har lang erfaring frå avfalls- og gjenvinningsbransjen og kunnskap om samfunnsplanlegging, nettverksarbeid og næringsgrunnlag i Vestland. Med engasjement og fagkunnskap tilbyr Miljøsmidjo rådgjeving, prosjektleiing, forretningsutvikling, motivasjon, undervising og kommunikasjonstenester.
Noreg skal vere eit føregangsland på sirkulær økonomi (Regjeringsplattformen 2018). Førebels har det vore mest merksemd på å betre system for resirkulering og energiutnytting, noko som er heilt i ytterkant av det som er meint med sirkulære løysingar.
Ein sirkulær økonomi føreset at me endrar måten me designar, produserer og forbruker varer og tenester. Me må redusere forbruket – og ta vare på materiala som er i omløp.
Ta kontakt enten du ynskjer forbetringsarbeid i verksemda di eller om du har planar for større prosjekt som krev samarbeid på tvers av sektor og fag.